Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Augustbad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Wed, August 05, 2015 15:09

Hei og guddagen!

Smått om sen vert det kvardag og seinsommar, og me dreg i gang aktivitetar i Godalen.

Har vore litt aktivitet gjennom sommaren, med eit par-tre innom i alle fall på onsdagar.

Opphaldsver denne morgonen og god temperatur.

Lett skylag, men med solgløtt og stille sjø. I det fjerne ser me to skikkelsar som har etla seg eit bad. Då vert me iallefal fire.

Vel framme treffer me Tonje og Niels, som er klare til dyst.

Tonje køyrer svieradaren (i mangel på Gry), og det vert observert ei blåmanet retning

syd-ost. Me held klar - og det vert samling til synkronplask.

Vel på land kjem Natur- og idrettservice og gjer offentleg måling av badetempen.

Av Niels anslått til 15,6 grader og med bekrefta måling 15,4. Ikkje verst Niels.smiley

Me benkar oss rundt bordet og nyt frukost og kaffi med drøs om sommarlege badeopplevingar og framtidige ekskursjonar.

Det vert avtalt ein vaske, rydde, maledugnad ei helg i september ( følg med..) med påfølgande grillkos m.m.

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)