Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Sistebad-2010

HeilårsbadPosted by Svein Egil Wed, December 29, 2010 09:13

God morgon godtfolk!

Ja, no vart det morgon 5.dag jul og siste onsdagbad i 2010.

Snø og måne i ne, med litt trekk frå sydost.

Jo, Godalen låg tiltalande då turen vart retta mot stranda denne morgonen.

Ikkje fullt så kaldt som ellers i jula, 2 grader heime.

Idag vart det fråfall i gjengen. Omgangssjuke og desslike herjar og med heilårsbadarar, men

to av oss, Astri og meg sjøl, fann turen ner..

Idag var det godt med ender å leka seg med, men då me letta på antrekket og tok retning sjøen, fann dei ut at det fekk vera nok. Dei tok "te paling".

Med stormlampa tent var det godt å ta returen til omkledningsbenken, der kaffi og frukost venta.

Idag kunne me melde til Lokalen at det var 2,4 grader i sjøen og minus 1,9 på land. Flau bris og snødekke. Lampen er tent og dagen er i gang.

Gode diskusjonar om det som bryr oss til me til slutt spanderte mat på vår

raudstrupekompis, pakka saman, tok lyktene og vandra vidare i dagen.

Astrid til jobb og eg heim.

God bedring te dei som treng den omtanken, og så sjåast me i Godalen 1.nyttårsdag kl. 12.30 med avmarsj frå Varden kl. 12.00.

Ha ei flott nyttårsfeiring i mellomtida!

:-) Svein Egil

  • Comments(0)