Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Onsdag i minus

HeilårsbadPosted by Svein Egil Wed, November 24, 2010 17:30

Ja, så var det minusgrader på temperaturmålaren.

Idag var det igjen flott å trekka ned mot Godalen.

Gry, Sten og Ina var allerede på plass og Astri kom og settande. Gry sjekka ut

SkyMap på mobilen. Stjerneteikna kom på plass når ho retta mobilen mot stjernene.

Då er det greitt å sjekka ut kva for ei stjerna og kva for eit teikn dei representerar.

Som dokker forstår: Stjerneklart, månelyst og fin stemning frå tidlege morgon.

..Stairway to Heaven..

.. og utsikten mot Lidfjell upåklageleg..

.. også for stjernekikkarane..

.. og me kunne sende beskjed til Lokalen:

Godalen sjøbaderforening melder: 6,7 i sjøen og -1,9 på land. Nydelig horisont og varme kroppar rundt bordet.

Ha ein flott kald dag!

:-) Svein Egil

PS! Melding frå Danmark:

Melder 0.6 grader og let sne dække på land og 3.3 i Roskilde fjord. Tusind tak til alle for fantastisk lang weekend i Stavanger. Hilsen Rasmus og Susanne

DS!

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post98