Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Flobad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Thu, November 12, 2015 07:32

Hei igjen!

Ny onsdagsmorgon og Godalen i sikte.

Vermeldinga seier regnbyger og overskya, med litt vind frå vest.

Godalen seier: Stjerneklårt og stille hav, med druse mål på vatnet.

Me e klar!!

..og då Jorunn rundar neset, ser me lys i bakken og høyrer stemmer som seier God Morgen og ein klem.. den gjer alltid godt.

I nord er det eit fint skille i skylaget, og i ryfylke har dei regnbyger.. saman med tåkelandet i sør. Over oss er det stjerneklårt!

Det er Godalen.. som i dag tek imot 9 sjelefrendar i vatnet, som igjen seier: 10.7 grader.

Dagen Gryr og me har vore innom meir enn flyktningesaka i drøsen. Det skyar litt til og på veg mot jobb kjenner me eit lite regnsdryss.

Ha ei fin veke og..

me badast på lørdag?!

Avgang klokka 10.54 frå Stavanger!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post504