Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Etterpåskebad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Wed, April 08, 2015 18:18

Godt påske!

smiley

Vonar alle har hatt ei fin påske!

Fjesboka og Instagrammet tyder på det!

Reiseaktivitet eller ikkje, badefolket har benytta anledningen både til sol, sjø, ski og... bad!

Onsdagsbad i dag.. og påan igjen!

Astrid i godt driv når klokka nærmar seg 7.

Jammen er det kjende på plass..

..og det tek ikkje lange stunda før plagga er byta om og lågvatnet vert vitja!

Og badeburkaen vart fort bytta ut med vått badety.

..og eg vil også vera med!!

6 badarar i soloppgang og 5,4 grader i sjøen.

God stemning rundt bordet, der Gry inviterte til smak på dansk lakris, mild og eksplosiv?!

Kjempegod!!

Me lot dagen (G)gry og tok etter kvart turen opp bakken!

Enige om at snart vert dugnad i nabonaustet - kanskje neste veke, ei ettermiddagsøkt?!

Melding kjem!

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post491