Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Nina-bad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Sat, January 10, 2015 18:26

Kjekt å sjå deg!

Litt skeptisk til dette veret Jorunn!?

Melding om ekstremver kalla Nina gjorde nok sitt til at

fleire sette sin lit til radiomelding om å halda seg innandørs.

Vel, vestlege vind er ikkje så galen i Godalen, så me var 3 stykk som møttest ved miljøstrasjone på Varden for å ta turen langsmed sjøen.

Jovel, det er tydeleg at det er høgvatn og fyllt til topps i avløpssystema

men me kjenner oss trygge med HMS-sjefen i badeforeninga på plass.

Ingen tvil om at det er noko i vente..

Berre sjå kor høgt vatnet står denne formiddagen. Og toppen skulle komma klokka 1300 ifølge HMS'å.

Og gjensynsgleden er stor også denne laurdagen. Klem til alle og me kan gjera oss klare til bad.

Ein lar seg ikkje be to gonger før ein er uti vatnet, som i dag byr på badedybde før ein heilt får snudd seg.

11 badarar og utrulege 8,3 grader i vatnet.

Det vart målt fleire gonger.

Me har opplevd det før at temperaturen kan endrast radikalt i forbindelse med høg sjø og storm.

Berre 7,2 grader på land, men roleg og opphaldsver før stormen tek tak for fullt i 4-5 tida ( ifølge godt informerte kjelder).

Med ei signifikant bølgehøgd på 18 cm må ein kunne kalla dette stille før stormen.

Fleire tok både 3 og 4 bad, og jamvel måtte nokre testa vatnet utføre naustdøra

Dei meinte det var betydeleg kaldare her..

Men i solveggen varma desse to skikkeleg!smiley

Høg stemning som vanleg rundt bordet og Nina var eit hett tema for dagen.

Men me var heldige emd veret (som så ofte) og kunne etter kvart takka farvel til

gjengen rundt bordet og setta kurs mot kvardagslege syssler.

Høg sjø og mykje vind gjer sitt, og det vert mykje som samlar seg langs strendene.

Likevel, me er heldige så kan ri av storm og ekstremver her.

Kor me midt i mørke og blåst får eit glimt av blå himmel og eit solsmil!

Me tek det med oss!

Je suis Charlie!smiley

Svein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post471