Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Sistedesemberbad2014

FestligheterPosted by Svein Egil Wed, December 31, 2014 16:20
Hei alle badefrendar!

No stundar det mot kveld og det dragens år

og me har gjort oss klare til fest!

Onsdagsbadet vart unnagjort kl.0700 i dag morges, med god tid til kaffikoppen, frukosten og drøset.



Mørkt denne siste morgonen i 2014. Stille og tåkedis.


I sør ligg Sandnes... ein stad.

5,4 grader i sjøen og lykta tend til heimkome.

Fantastisk klart vatn.
Ingen tvil om at stemninga var god!


Me tok oss god tid. Likevel var det mørkt då me tok heimatschussen.

..ok... litt lysare. Solsnu er unnagjort og me ser mot lysare tider..


som andre..

i denne utbrytargruppa. Den berykta fraksjonsgruppa "Kl.10badarane".
Som bare MÅ sikra seg sista badet i året!smiley

Se så fornøgde dei er!

Okej då! Me vart slått på målstreken!

Men i morgon er det nytt bad!

Me badast til Nyttårsbadet kl. 12.30.


Takk for alle gode bademinner i året som no svinn og me ser fram til mange nye i året
som no melder sin ankomst!

No er det snart feiring og fest!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post467