Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Seinsommarbad..

HeilårsbadPosted by Svein Egil Fri, August 02, 2013 10:09
God morgen!

Sit og høyrer på reiseradioen, nymalt kaffi og har henta inn litt rips.
Snart på tide med frukost!

Sol og skyer omanidom, men godt og varmt, både til lands og til vanns.

Dette er siste helga før vår sommarferie sluttar av for dette året.

Framleis over 20 grader i sjøen.

Her nokre stemningsrapportar som eg har motteke:

Torhild melder frå onsdag 24.juli:

Niels, Hanne og Torhild hilser fra Godalen..


Sydenstemning fra Godalenstranda.


Denne veka var det Gladmatfestival og eg tok turen til Stavanger fredag for å få med
stemninga i byn. Masse folk og møje god mat. Endte opp i Lervigsparken utafor Ostehuset
på Storhaug. Idsen serverte skikkelege burgerar, Jacobs og Ostehuset, samt øltelt og underhaldning. Kjempestemning med Storhauggjengen.

Sjølvsagt bad dagen etterpå:



Nesten ikkje folk så tidleg, men..
Så kjem heile gjengen like i helane..

Svieradaren på, men berre to i sikte og under kontroll.


Alt klart..

19,4 grader i sjøen denne dagen. Litt vekslande ver. Sol hos oss, men regnbyger over Sandnes. Litt yr i lufta då me rusla heimover.

9 sjøbadarar denne dagen, og kjekt å treffast før ein fer vidare på ferie.


Fysste onsdagen i årets august kjem melding frå Sten:

Hei igjen

Hadde tenkt å bade på onsdag, men tirsdag kveld var det mørkt og eg var litt trøtt. Så eg bestemte meg for å hoppe over morgenbadet – og heller vente til det ble litt kaldere i været.

Slo av mobilvekkinga og køyp til senga.

Klokka 05.45 lå eg lys våken og kikka på klokka og fekk ikkje sove lenger. Gammal vane er vond å vende – så det var bare en ting å gjøre. Stå opp – koke kaffe og komme seg til Godalen.

Skikkeligt vestlandsver. Regnet datt ner og eg var aleina på stranden. Heldigvis var det ingen brennmaneter så eg fant ut eg skulle ta meg ein dukkert.

Men så dukka Kristin opp i regnveret.

Hun hadde og tenkt å hoppe over morgenbadet – men fant og ut at en gang måtte hun starte høstbadinga.

Litt etter kom og ein te ruslande nedover bakken. Kristin sa at han holdt ein plastpose i hånda, så det var sikkert ein som skulle bada.

Det var Gunnar. Som og hadde tenkt å kutte ut morgenbadet, men hadde funne ut at han kunne ta ein tur nedenom for å se om det var noen som skulle bade.

Så fekk han eventuelt ta turen til Gamlingen om han var aleine.

Så det var tre “tvilarar” som bada. Våte blei me lenge før me nådde strandkanten. Vannet var herlig, me fekk ein god prat når me lå å duppa i bølgene.

Og – som vanlig – ein enda lengre prat over kaffekoppen og frokosten inne i bua.

Helsing Sten



Ha ein fortsatt fin sommar!

Me badast!

smiley

Svein Egil


  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post329