Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

16debad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Mon, May 18, 2015 08:22

Hei folkens!

Dagenførdagenbad..

Okej, 17de mai er historie og vær som holdt det me alle håpa på:

"Fint når det gjelder."

Med 22 badere i sjøen denne lørdagen kan ein snakka om godt oppmøte.

Og med Maria på besøk frå Finland, vart det også fotosession i vannkanten.

9,5 grader gjorde sitt til at ein kunne kjenne dagen gry.. i toppen, og klargjera for ein fin morgendag.

Noko Sten kunne skriva under på!

Litt yr då me satte oss ned, men opphaldsver gjorde oss i stand til ei skikkeleg forlenging av bordsettinga . Ut døra på naustet.

Og stemninga... treng ikkje sei meir.

Ha ei fin veke og..

me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post493

Innebad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Fri, May 15, 2015 16:01

Prøver meg igjen på å halda bloggen

i levandes live.

Her vore fråverande ei tid grunna bihuleproblemer etter reise, men er no landa i god behold og ikkje like tett i pappen som ei stund.

Onsdag var det samling igjen, og med yr i lufta vart det plasking i havet for 5 gode badefrendar med påfylgjande drøs innandørs.

Me fekk registrert at det no er 9,8 grader i sjøen og at me framleis ventar litt på at våren skal slå heilt ut i blomst og sleppa sommaren fram.

Greitt for oss..

Søndag som var vart det ei ekstra samling med greske tendensar..

I solveggen vart det rett og slett godt å sitja.

10 badarar konstaterte at gradene passerte tosifra og landa på 10 grader.

Kjekt med Marianne på besøk fra Køben. Ho tok del i medbrakte greske varer som varma i solå (med is ).

God stemning i solveggen som vanleg!

Ha ei fin 17.maihelg.

Kanskje me treffest den 16. i stranda?

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post492

Etterpåskebad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Wed, April 08, 2015 18:18

Godt påske!

smiley

Vonar alle har hatt ei fin påske!

Fjesboka og Instagrammet tyder på det!

Reiseaktivitet eller ikkje, badefolket har benytta anledningen både til sol, sjø, ski og... bad!

Onsdagsbad i dag.. og påan igjen!

Astrid i godt driv når klokka nærmar seg 7.

Jammen er det kjende på plass..

..og det tek ikkje lange stunda før plagga er byta om og lågvatnet vert vitja!

Og badeburkaen vart fort bytta ut med vått badety.

..og eg vil også vera med!!

6 badarar i soloppgang og 5,4 grader i sjøen.

God stemning rundt bordet, der Gry inviterte til smak på dansk lakris, mild og eksplosiv?!

Kjempegod!!

Me lot dagen (G)gry og tok etter kvart turen opp bakken!

Enige om at snart vert dugnad i nabonaustet - kanskje neste veke, ei ettermiddagsøkt?!

Melding kjem!

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post491

Åpningsbad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Fri, March 20, 2015 07:35

Hallaien!

Dagane går og bagegjengen består....

..og utvider!

Denne onsdagen blei det tid for ei aldri så lita "framsyning" som ein spesiell ekspolitikar ville sagt det.

Dørene vart opna og.. dette ser ikkje gale ut!

Ein liten dugnad for å spa ut litt sand..

Vaska nokre veggar og golv..

Rydda på "kontoret"..

Så kan det bli mange fine morgonbad vidare.. i dag med 7 i sjøen på 5,8 grader.

Med samling rindt bordet og god drøs..

..medan sola stig.

Nok ei fin stund med gull i mundsmiley

Snart vert det dugnad og offisiell åpning av Del II.

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post490

SAbad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Tue, March 17, 2015 16:23

Javel, det va fina veret i heljå?!

SA er på plass!

Sten skriv:

"11 soltilbedere nøt en fantastisk vårdag. Aftenbladet stilte og baderne stilte opp!! 6.9 grader, vindstille og tid for dobbeltbad. Sola varmer GODT i dag. Niels følte seg høyt hevet over oss andre da han trodde han ble midtsidegutten i Aftenbladet på mandag."

Me badast onsdag..

Blir det soloppgangsbad?!

Omvisning i det nya nabonaustet!! - Jaffal!

smileySvein Egil





  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post489

Nevrotikkisoloppgangsbad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Wed, March 11, 2015 16:03

Jodå, solå skinne!

Også om morningen..

sånn rundt kl. 0706 eller der omkring.

Gode ting på gang like før 7.

Og det e jo klart at når ein ventar på noko godt, så er det like greit å kombinare det med eit morgonbad i Godalen!

Nokre kraftige stokkar har drifta inn og lagt seg til ro.

Fina veret, så fleire skiftar utandørs. Blikkstille!

Og 11 våte sjeler sjekka badetempen, som i dag vart målt til 6 grader.

Jorunn held ut!

Astrid og Sten lovprisar sola!

Så gjekk diskusjonane livleg for seg!

Mykje relatert til nevrotiske øyeblikk og hendelsar...

Vanskeleg å bryta opp slike morgonar, men plikta kallar!

Ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post488

Vaktbad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Sat, March 07, 2015 17:41

Laurdagsbad for n'te gong!

Ikkje det heilt fina veret, men ka gjer vel det?

På med oljehyra og godt skoty - så ut i veret!

Kjenna at ein e te..

Jorunn og eg stod litt åleina ved miljøstasjonen.. men så høyrde me at det

klirra i flaskefor og me forstod at det var ein sjøbadar på gang.

Ein- to- tri, så var me 5 ( Tok du det reknestykket?) smiley

.. og etter ein radletur langsmed sjøkanten var me fortare enn svint 11 sjøbadesjeler og godt med badevakter, klare for dagens dont.

Torill e klar etter at me har vore uti. Det vert fleire bad då det er ulik døgnrytme på desse badarane. Litt usynkrone klokker og ymist.. men dei kjem seg uti!

Jorunn har mykje å fortelja og Torill dokumenterer.

11 i sjøen som sagt og ennå 7,6 grader uti. Det er ein fin temperatur for årstida.

Ettersom me trekk oss innandørs i dag, er det greit å ha ein avslappa vakthund utføre!

Godt oppmøte av den yngre garde..

..som fekk god oppvarting av ein sjokoladelikande gjeng..

Trivelig gjeng som hadde vanskeleg for å gå videre i dagen!

Men nokre tok seg ein tur innom Byttebua og koste seg der.

Litt oppbyggeleg NuArt på vegen!

Ha ein fin dag!

Me badast til soloppgangsbad på Onsdag!

smileySvein Egil

NB! Stormlykta har fått påfylling av parafin, så ein treng ikkje frykta mørket!





  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post487

Bålbad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Wed, March 04, 2015 19:14

Hei!

Nesten fullmånebad i dag, og soloppgang i halv åtte tida, men..

det var litt for overskya på morgonen til at me fekk sjå noko sol.

Grått, men..

..lysning i aust!

Og ikkje minst - Marianne og Dag har fyrt opp i bålpanna og er klare med varmen.

Ut i vatnet med 10 våte sjeler..

..pluss 1!

7,2 grader i sjøen i dag. Litt ner frå lørdag, men varmt til å vera på denne tida av året!

Det lysnar fort, og no går det raskt mot soloppgangsbad denne våren.

Me gleder oss!

Like mye som Kari, som sleit (bokstaveleg talt) med å få alle med seg heim!

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post486

EtterÅresalgsbad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Wed, March 04, 2015 19:00

Hallaien!

Til lørdagens bad var det godt oppmøte, sjøl om det var

dagen etter eit heidundrande årsmøte..

Vin(d) i seila, men likavel ro!

SHaugesundsbesøk med Arne og Marit, og

samling innandørs i yrregnet.

Høg stemning!

14 badarar i sjøkanten og 7,6 grader i sjøen.

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post485

Vottebad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Wed, February 25, 2015 15:44

Ja, ka e nå det?

Onsdagsbad og tid for å klargjera seg til årsmøte på fredag!

Men fysst morgenbad på gang!

Og som du ser, endå er det uten tvil morgen og blåtimetid..

Men ingen kan sei at det ikkje lysnar fort.

Astrid slapp kaffikruset og vart opptatt med anna...

Slik det gjerne er når ein har frukost i Godalen på denne tida.smiley

Badet vart i dag vitja av 10 badarar og med 6,6 grader i sjøen går det klart mot vår og soloppgangsbad i nårmaste måned.

Merethe delte rundhånda av sin gode graut, så me fekk nye opplevingar og tilberedelsesvinklingar fram på bordet.

Dagen e grydde, men som ein ser her, ikkje heilt slått ut i blomst!

Det kjem!

Minner om årsmøte på fredag.

Kontakt Jorunn om du har spørsmål!

Me treffest og..

me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post484
« PreviousNext »