Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Utsiratur

EkskursjonerPosted by Svein Egil Mon, August 21, 2017 20:04

SEP.22.
Utsiratur

Arrangement for Godalen sjøbaderforening fb (Utdrag)


22. september–24. september


Båten går frå Garpaskjerkaien på Risøynå - Haugesund
22. september kl. 16:15 til 24. september kl. 14:45 (retur frå Utsira).
pin
Nordvikgården
5547 Utsira
Merk dato. Info kommer fortløpende...

Fredag:
Koldtbord m/ferske skalldyr.

Lørdag:
Frukost
2 timer guidet tur.
Komla m/tilbehør
Dronning Maud dessert

Søndag:...
Frukost

Pris overnatting inl. mat:
Fredag til søndag kr.800
Lørdag til søndag kr.500

Me legg ut påmeldingsskjema i nær framtid. ( Se nederst i innlegget).

Påmeldingsfrist
10.sept.2017☀

https://www.ut.no/hytte/3.1389/

http://www.utsira.kommune.no/

http://rutebaatenutsira.no/ruteplan/


Avreise fra Haugeund
kl.1615 eller 1915

Garpaskjerskaien på Risøy.
Gratis parkering.

Retur søndag
Kl.0900 eller1445

Se ellers Fjesbokå.

Se ellers Fjesbokå.

Påmelding


:-) Svein Egil







  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post513

Tastabad-2017

EkskursjonerPosted by Svein Egil Thu, February 09, 2017 16:25

Ei kort mimring på Tastabadet 2017 for dei som ikkje er på fjesboka.

https://quik.gopro.com/v/v0JXQHv6jp/

Det har blitt ein kjekk tradisjon å samlast hos Astrid.

Til vandring, bad og godt sosialt samvær.

Me treng alle slike vannhol som gjer dagane lysare og lettare, spesielt på denne sida av årshjulet.

Ellers går det mot kaldare tider og tempen i sjøen synk til sjeldne lågmål.

0,5 grader er uvanleg kost for kostar som oss, men me står godt i det!

Snart er det laugardag og nye muligheter.

Og denne lørdagen er det fullmåne i tillegg!

smiley

Me badast!





  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post512

Fullmånebad i desember

FestligheterPosted by Svein Egil Fri, December 30, 2016 14:38

Hei folkens!

Fullmånebadet er berre eit godt minne fra året som svinn,

det same er solsnu og julanisse.

Det går mot lysare tider med brask og bram, nedbør og storm.

Men fysst... vert det lørdagsbad og nyttårsbad.

Klokka 12 ved Varden miljøstasjon og 1230 i Godalen.. eller var det 30 minutt seinare?!

Reknar med å bli retta på ganske så raskt, så eg sjekkar ikkje meir endå.

Melding ut:

Ha ein fin førnyttårstid, takk for eit gildt badeår som svinn og

bad vel!smiley

Svein Egilsmiley



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post511

Årsfest2016

FestligheterPosted by Svein Egil Sun, September 04, 2016 13:15

Hei godtfolk!smiley

Velkommen til årsmøte i Godalen Sjøbadarforening laurdag 10. September i hagehuset i Ramsvik og Rosendal kolonihage.

Frammøte kl 1700 ved inngangen mot idrettshallen.

Ta med litt mat til felles buffet samt ein gevinst til åresalget (gjenbruk) og det du vil drikke pluss badetøy,

kl 1730 går me og bader på eit nes på veg mot Godalen.

Spleis på husleige kr 100,- pr pers, årene kr50,-. Fint om du melder tilbake til meg om du kjem, hvis du gløymer det er du like velkommen.

Beste helsing

smiley

Jorunn,

på vegne av styret.



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post510

Ryddedugnadsbad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Thu, April 28, 2016 22:06
Hei igjen!

Ogna er for lengst eit gildt minne bak i hjernebarken og mange fine bad er unnagjort.

Dei fleste er festa til Facebooksidene, der alle kan bidra med sitt.


Men nå er tida inne for ei kort oppsummering og vårstemningsrapport:

Lørdag førstkommande er det vår tur i Godalen sjøbaderforening å ta eit tak
i stranda i forbindelse med aksjonen " Hold Storhaug reint".


Me har det som trengs av hanskar, svarte sekker, ein del river, kostar..

Dugnadsdelen vert før badet, så blir det ei fin anledning til å få vaska seg ittepå.

Eit felles Ittepåbad er nok ikkje å forakta.

Med ein påfølgande røslig frukost med noko attåt.



Sol er tinga smiley

Vel møtt!!

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post509

Ognabad

EkskursjonerPosted by Svein Egil Sun, February 28, 2016 09:59
Hei Badefolk!

Ei lita billedforteljing frå turen til Ogna og hyttå til Hanne og Niels.

17 badefrender kom med toget frå Stavanger og Niels og eg tok imot på Ogna stasjon.

Fiina veret og kort veg til strendene.

Det er berre å velga strand.

Tok ikkje lang tid før folket var i vatnet som denne dagen vart målt til 2,5 grader.

Etter badet gjekk turen med Niels til hytta og deilig ertesuppe og lune kaker m.m.
Champagnefjellet vart inspisert og godkjent. Fantastisk utsikt!!



Nokre tok returen til Stavanger med toget, andre stakk innom Helgåleiren og Dag med Bønni-band. Flott stad med kjempegode musikantar og triveligt miljø. Må berre opplevast!

Til slutt ein tur innom hytta og solnedgangen- før biltur heim i aukande mørke og duskregn!

... og me var alle enige om at dette hadde vore ein gilde tur!


Me badast!

smileySvein Egil


  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post508

LongTimeNoSeeBad

EkskursjonerPosted by Svein Egil Wed, February 24, 2016 21:39

OGNATUR!

Hei alle badarar. Då er det klart for tur til Ogna/Sirevåg laurdag. Værvarselet ser bra ut. Toget går frå Stavanger St Kl 9.54. Møt fram ti min før, og kjøp billett til Ogna, der Niels tek i mot oss og viser veg til"dei fem små strender". Etterpå et me og varmer oss i hytta til Niels. Hugs badetøy og niste. 😊 Helsing Niels og Jorunn



Og me helsar frå Godalen i dag!


8 badefrendar og ein hund tok ei vinterkledd strand i heite favntak og samla seg deretter til ei roleg oppvarming rundt eit "pelskledd" bord med lys og lykte. 3 grader i sjøen tyder på at det er eit lite bel til lunken kjem til vassande kner.

Snart soloppstandsbad!

Me gler oss!

Men fysst.... te Ogna!

Me badast!

smileySvein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post507

LongTimeNoSeeBad

EkskursjonerPosted by Svein Egil Wed, February 24, 2016 21:39

OGNATUR!

Hei alle badarar. Då er det klart for tur til Ogna/Sirevåg laurdag. Værvarselet ser bra ut. Toget går frå Stavanger St Kl 9.54. Møt fram ti min før, og kjøp billett til Ogna, der Niels tek i mot oss og viser veg til"dei fem små strender". Etterpå et me og varmer oss i hytta til Niels. Hugs badetøy og niste. 😊 Helsing Niels og Jorunn



Og me helsar frå Godalen i dag!


8 badefrendar og ein hund tok ei vinterkledd strand i heite favntak og samla seg deretter til ei roleg oppvarming rundt eit "pelskledd" bord med lys og lykte. 3 grader i sjøen tyder på at det er eit lite bel til lunken kjem til vassande kner.

Snart soloppstandsbad!

Me gler oss!

Men fysst.... te Ogna!

Me badast!

smileySvein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post506

Adventsbad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Thu, December 03, 2015 20:01
Nye lodd og nye bad!

Onsdag igjen og me e klare..
så egg!

Stranda i Godalen er rydda rein - av bølgene som skyljer mot strand.

Godalsnissen har vore tidleg ute.. og var som lufta ute.. heller brisen .. då me opna døra.

Han var i godt selskap, så på andre sida av bua satt der ein i litt trangare kår, utan både mat og drikke.

Ut med oss, alle åtte badefrendar, til ein sjø som såg heller kjøleg ut, men som avslørte heile 9,9 grader, nok til å kjenna seg oppfriska og klar for..

Innesamling og god drøs. Mange nye idear te sosial aktivitetar som vert annonsert itte kvart.
Stor takk te adventsternene Gry og Torhild som har pynta sååå fint til adventstida.
Me set stor pris på initiativet!
Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil

og... Torhild sender invitasjon frå arrangørane i Ramsvik kolonihage som ønsker alle i badegjengen hjertelig velkommen:

Julemarked hos Liv

5 desember kl 12 - 14

Grønnkålveien 37

Rosendal og Ramsvik Kolonihage

Salg av fine håndlaga julegaver, julegodsaker og pølser og

gløgg. Musikalsk innslag av Elin Furubotn.

Velkommen!



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post505

Flobad

OnsdagsbadPosted by Svein Egil Thu, November 12, 2015 07:32

Hei igjen!

Ny onsdagsmorgon og Godalen i sikte.

Vermeldinga seier regnbyger og overskya, med litt vind frå vest.

Godalen seier: Stjerneklårt og stille hav, med druse mål på vatnet.

Me e klar!!

..og då Jorunn rundar neset, ser me lys i bakken og høyrer stemmer som seier God Morgen og ein klem.. den gjer alltid godt.

I nord er det eit fint skille i skylaget, og i ryfylke har dei regnbyger.. saman med tåkelandet i sør. Over oss er det stjerneklårt!

Det er Godalen.. som i dag tek imot 9 sjelefrendar i vatnet, som igjen seier: 10.7 grader.

Dagen Gryr og me har vore innom meir enn flyktningesaka i drøsen. Det skyar litt til og på veg mot jobb kjenner me eit lite regnsdryss.

Ha ei fin veke og..

me badast på lørdag?!

Avgang klokka 10.54 frå Stavanger!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post504
Next »