Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Påskebad

FestligheterPosted by Svein Egil Wed, April 03, 2013 15:45

Hallaien!

Set av litt plass til påskebilder fra ulike hold.

Kjem litt seinare!

:-) SE

smiley

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post299

Livsgledebad

FestligheterPosted by Svein Egil Sat, February 02, 2013 17:05

Hallaisen!

Ny dag, helg- med nye lodd og nye badesjanser..

Veien ned til Godalen var kvitkledd i dag.

Termometeret vist ca. 0 grader i dag, sånn pluss/minus..

Berre eit spor i snøen, med gryande dag i syningom.

Men som alltid, det aular fram når tida nærmar seg.

Gradvis sig dei til frå ulike kantar, og så er me 15 stykk som samlast til klesbyte -

upstairs and downstairs.

Nå vert eldrebølga erstatta av ei ny bølge:

Livsgledebølga - for alle aldrar og kulturar, tru og kjønn.

Berre kjenn...

3,4 grader i sjøen i dag, og det var tydeleg at Park og vei hadde vore å rydda på stranda.

Godt arbeid!

Sanggleden tok tak i gjengen i dag, og det vart både sang for kropp og sjel..

uten at ein seier meir om det.

Badeburkaene kjem no i fleire flotte utgåver, så det er snart tid for eit felles badeburkabilde.

No nærmar det seg årsmøte og me må klargjera styret og badeenglane(badevaktene for deira oppgåver...

Ha ein fin dag og helg!

Me badast!

smileySvein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post284

Nyttårsbad 2013

FestligheterPosted by Svein Egil Wed, January 02, 2013 15:20

Jubelbad!

Stor gjensynsglede då me samlast ved Varden miljøstasjon.

Møje glass å kasta, så det var den store gjenvinningsdagen!

Tungt lasta førte Bodil oss vidare, til ei omvisning i Sørnes-hagen.

Flott å gå på stiar ein ellers ikkkje ferdest på.

Då me etter kvart kom ned mot Godalen var det folksamt.

Både badarar, badevakter og turgåarar ellers!

Ein anninge gjeng som ville uti fortare enn svint.

Først eit felles abd i stranda og så på neset ved trappa og utaføre naustet.

Høgvatn og rimeligt bra ver.

6,1 grader vart målt denne dagen og Astri tellte opp 36 rundt langbordet.

Høg stemning, god mat og drikke, saman med kulturelle framtøt av både Bodil (dikt), Torhild (stuntdikt) og Helge Dagfinn med ringdanstendensar!

Ei nyttårssamling av kjent standard!

Onsdagsbadet vart sletta frå badekalenderen idag, men så er me igang igjen!

Godt det snart er helg!

Me badast!

:-) Svein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post274

Livsgledebad

FestligheterPosted by Svein Egil Sat, November 17, 2012 17:30

Hei folkens!

Her på Jelsa er det regn og dryppande ver, men i Godalen....

regnar det og!

Flott å gå seg ein tur likavel

Melding frå Godalen og Jorunn:

"Sju badarar og 9,1 grader i sjøen.

Tema for samtalen idag vart prosjekt Livsglede".

Her er tre av gjengen på vei videre rå Godalen.

.. og her på Jelsa:

Ein tur ut på Gamle Dampskipskaien!

Me badast!

:-) Svein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post261

Haustferieonsdagsbad

FestligheterPosted by Svein Egil Tue, October 16, 2012 21:50

Haustferie?

Joda, det er ferietid.

.. og fiina veret.

Litt kjøligt, men likavel edru ( som Bjørn Eidsvåg ville ha sagt det!).

Onsdagmorgen og det rykker i badefoten.

Tid for Godalen!

Litt mørkt når me kjem ned, men lys i naustet. Men det lysnar fort.

Iallefall hjelper det med ein blits..

og det hjelper med eit bad. Då lysnar det på meir enn ein måte.

10,6 grader i dag og 6 badarar i havet!

Så kom lyset!

God morgenstemning og drøs om Danmarkstur og gilde minner.

Någen så vil bytta?

Me badast!

:-) Svein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post252

Godbad

FestligheterPosted by Svein Egil Sat, September 08, 2012 14:49
Guddagen igjen!

Laugardagen starta med 3 frå Varden, var 5 ved pølsesvingen, 7 ved Strømvik kolonihage og 18 badarar i sjøen. Samt godt med badevakter!

14 grader i sviefri sjø.

Du men det gjorde godt i dag og..

Stort sett opphaldsver, men litt duskregn minna oss om at me sat ute.


Helge Dagfinn la inn eit godt ord for Internasjonal Cafe i Brødregata, tvers overfor Fretexbutikken...

Ha ei flott helg!

Me badast!


:-) Svein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post243

Spyledugnad

FestligheterPosted by Svein Egil Tue, June 26, 2012 07:42

Guddagen!

Ein liten kveldsdugnad med mye folk på tur i området.

Asfalten rydda for sand og grus, og golvet spyla reint.

Sand, sand, sand .......

Den kjem til øve alt.

"Blankspylte golv"!

Samt ei ny sperre på naustdøra.

Og etterpå: Kaffe og gulrotkake.

Nå er me klare for onsdagsbad!

Me badast!

smileySvein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post227

Årets badar!

FestligheterPosted by Svein Egil Sun, May 13, 2012 20:34
Guddagen!

Vel, så var det nytt laurdagsbad og nye lodd i trekninga om årets badar.

Godt oppmøte ved Varden og fina veret får ein seia.
Sjølv om gradestokken burde vist meir den 12.mai, så skein sola over
spirande ramsløk på veg til Godalen.



Og som alltid, om ikkje ale tek turen langsmed sjøen, så aukar det på med badarar
når ein rundar neset og ser Godalstranda liggja som eit sydens "Kaldorca", med finvaska strand og fjære sjø.


Borda vert sette ut og me vandra mot ytterste pynten. Stupebrette ligg endå klargjort.
Det kjem visst ikkje lengre i år...

Så er det klart for badetrappa og sjøbad på tampen av sesongen, ja tamp og tamp.
Ein kan jo spørje seg kva tid vinterbadesesongen byrjar og tek slutt.

7,1 grader i vatnet i dag og kø ved trappa.


Likeeins kødanning ved frukostbordet, med mykje godt å sjå.
Så vert det fart i styret med erkebadeenglar og badevakter.

Diktlesing og årets badar vert kåra (sjå følgande videoar).

Årets badar er
KRISTIN!!

Champagne og nytova sittebrett i sjøbadekulør og initialar!

Gratulerer med utmerkelsen, den heng høgt!


19 badarar og ein badevakt på plass. Og sola gav oss varme og håp om ein fin sommar..

Bente badevakt les dikt

Jorunn erkeengel kårar årets badar

Årets badar-del II




Ha ei fin helg!

Me badast til onsdag!


:-) Svein Egil








  • Comments(1)//gsbf.idsegata17.com/#post215

Filmsnuttar

FestligheterPosted by Svein Egil Mon, April 30, 2012 15:06

.. og så, noke filmsnuttar frå laurdagen..

Har ikkje spurt om copyright'en, men satsar på at det er godkjent!

God 1.mai!

http://www.youtube.com/watch?v=zyFw9iDsEy4

og

http://www.youtube.com/watch?v=Z_8EI8CBvsQ&feature=relmfu

:-) Svein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post212

Årsfestbad

FestligheterPosted by Svein Egil Mon, April 30, 2012 08:06

God morgen alle sammen!

Tenk tilbake på den flotte helgå og kor godt det var med ein aldri så liten forsmak på

kva me har i vente - sommar og sol.

Opninga var litt gråmelert.

Med godt oppmøte allerede på parkeringsplassen, der badefolket kom kjørande, syklande og gåande

med river og kostar.

Tid for rydding..

Det sedvanlege oversiktbildet må til.. men litt uvant med bilar innføre billedrammå.

Her er noko på gong..

Ryddegjengen gjekk kjapt i gang, og på eit blunk var sekker fyllte og stranda fint rydda.

Bord vart dekte og så tid for. "Los Immigrantes". Latin-Amerikanske rymer strømma ut over Godalens strender, og rytmene forplanta seg i badeklare kroppar.

Med ei besetning fordelt på dansk, chilensk, sør-afrikansk og norsk opphav var det ikkje tvil om kor musikken kom frå. Flott oppleving.

Så på tide med sjøgang.

Både stranda og trappa på neset vart nytta og med 6,1 grader i sjøen var det godt at sola varma då me kom på land.

Rundt bodet var det samla rundt 25 store og små badefans og som vanleg var det mykje god mat og drikke..

Sylvi og Svanhild stod for lappe/svele-steiking, noko som er svært uvanleg i Godalen, men det kan fort bli ein vane. (Smakte vindunderleg).

Sang og moro frå fleire.. (kjem innslag om dette seinare..)

Ha ei flott 1.mai og velkommen til morgenbad onsdag 2.mai kl. 0700.

:-) Svein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post211
« PreviousNext »