Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Danskebad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Tue, February 03, 2015 07:46
Javel.. tidå går..

Det vart fort tirsdag og eg henge itte, litt.

Får skylda på at det var for fint ver på søndag og fint ver i går også.

Ser lovande ut i dag og, med månen hengande nesten full over hustaka.

Fullmåne i morgon tidleg.

Men, lørdagsbad:

Oppmøte ved miljøstasjonen vart eit gledeligt møte med Susanne og Rasmus som var klare til sjøbad og radl.



Når andre hastar forbi - gjer badarane seg klare for dagens økt.

Med bestemte målbevisste skritt nærmar dei seg sjøkanten..

og vips .. har dei vore uti ikkje berre ein gong.

Då er det leskeleg og godt å få av seg det våta og kjenna at endorfinene ryddar veg i ein halvvåken kropp og endar ut eit stort smil. smiley

.. vel,, alle er ikkje lika våkne ser det ut til. Men endorfinene når fram tilslutt smiley


7,4 grader sjøen og 22 fuktige føter har skritta opp dagens løype.



Så er bordet nesten heilt rydda og me er klare..


For dagens sysslar.


Else tar siste rest og me takkar for oss!

Fullmånebad onsdag!

Me badast!

smileySvein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post478

Tastahelleristbad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Tue, January 27, 2015 16:30

Jess..

Nok ein gang!

Tastabad!

Fantastisk oppslutning og 22 friske sjøbadarar i aksjon.

Torhild melder:

Flemming guidet oss til helleristningene i Dausavika. Flott med arkeolog som kan historien!

Bilde fulgte:

Flemming oversendte disse bildene fra badet:

To badesøstre!! Anne Synnøve og Jorunn i sine badeburkaer.

Familieportrett! God kontakt!

Etter skikkelig sludd og haglbyger gikk været over til sol og finale hos

Astrid med fantastisk Kylling/reke/fersken-suppe på Thai-vis.

Sterk og god med sødme og kraft i frasparket.

Gry, Sten og Svein Egil holdt seg til veteransamling med jubileumskorpset til Nylund denne helga, og skulle gjerne vore begge stader.

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post476

Nestendamenebad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Mon, January 19, 2015 22:02

Hallaien!

Prøvde med på tittelen: Stenåleinameddamenebad, men det vart for langtsmiley

Lørdagsbadet vart avvikla som seg hør og bør .. til sedvanleg tid (Kristin..) klokka

1030.

Torhild melder:

Sten og 13 damer møtte opp i Godalen i dag.

Badeanda meldte 7,8 grader.. og alle var enige om at d var en fin dag! smiley

Bilder fulgte med:

Høg stemning i strandkanten.

Ei hyggeleg melding frå Parksjefen: Me får bruka det andre naustet også. I februar skiftar dei låsar og me får ta den delen i bruk.

Det vert flott å ha endå betre plass.

Ja, det roa seg til helga, og me fekk oss eit godt bad i Boggistraen på Jelsa

Utan temperaturmålar, men det var kjenslegt!

Og.. Jorunn har sendt ut melding om Tastabad.

Kl.1030 hos Astrid. Husk å melde din ankomst innan onsdag.

så..

Me badast!

Kanskje vert det ny rekord for sesongen!?

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post475

Nestendamenebad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Mon, January 19, 2015 22:02

Hallaien!

Prøvde med på tittelen: Stenåleinameddamenebad, men det vart for langtsmiley

Lørdagsbadet vart avvikla som seg hør og bør .. til sedvanleg tid (Kristin..) klokka

1030.

Torhild melder:

Sten og 13 damer møtte opp i Godalen i dag.

Badeanda meldte 7,8 grader.. og alle var enige om at d var en fin dag! smiley

Bilder fulgte med:

Høg stemning i strandkanten.

Ei hyggeleg melding frå Parksjefen: Me får bruka det andre naustet også. I februar skiftar dei låsar og me får ta den delen i bruk.

Det vert flott å ha endå betre plass.

Ja, det roa seg til helga, og me fekk oss eit godt bad i Boggistraen på Jelsa

Utan temperaturmålar, men det var kjenslegt!

Og.. Jorunn har sendt ut melding om Tastabad.

Kl.1030 hos Astrid. Husk å melde din ankomst innan onsdag.

så..

Me badast!

Kanskje vert det ny rekord for sesongen!?

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post474

Nina-bad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Sat, January 10, 2015 18:26

Kjekt å sjå deg!

Litt skeptisk til dette veret Jorunn!?

Melding om ekstremver kalla Nina gjorde nok sitt til at

fleire sette sin lit til radiomelding om å halda seg innandørs.

Vel, vestlege vind er ikkje så galen i Godalen, så me var 3 stykk som møttest ved miljøstrasjone på Varden for å ta turen langsmed sjøen.

Jovel, det er tydeleg at det er høgvatn og fyllt til topps i avløpssystema

men me kjenner oss trygge med HMS-sjefen i badeforeninga på plass.

Ingen tvil om at det er noko i vente..

Berre sjå kor høgt vatnet står denne formiddagen. Og toppen skulle komma klokka 1300 ifølge HMS'å.

Og gjensynsgleden er stor også denne laurdagen. Klem til alle og me kan gjera oss klare til bad.

Ein lar seg ikkje be to gonger før ein er uti vatnet, som i dag byr på badedybde før ein heilt får snudd seg.

11 badarar og utrulege 8,3 grader i vatnet.

Det vart målt fleire gonger.

Me har opplevd det før at temperaturen kan endrast radikalt i forbindelse med høg sjø og storm.

Berre 7,2 grader på land, men roleg og opphaldsver før stormen tek tak for fullt i 4-5 tida ( ifølge godt informerte kjelder).

Med ei signifikant bølgehøgd på 18 cm må ein kunne kalla dette stille før stormen.

Fleire tok både 3 og 4 bad, og jamvel måtte nokre testa vatnet utføre naustdøra

Dei meinte det var betydeleg kaldare her..

Men i solveggen varma desse to skikkeleg!smiley

Høg stemning som vanleg rundt bordet og Nina var eit hett tema for dagen.

Men me var heldige emd veret (som så ofte) og kunne etter kvart takka farvel til

gjengen rundt bordet og setta kurs mot kvardagslege syssler.

Høg sjø og mykje vind gjer sitt, og det vert mykje som samlar seg langs strendene.

Likevel, me er heldige så kan ri av storm og ekstremver her.

Kor me midt i mørke og blåst får eit glimt av blå himmel og eit solsmil!

Me tek det med oss!

Je suis Charlie!smiley

Svein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post471

Nylaurdagsbad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Sun, January 04, 2015 23:11

Så var det påan igjen..

Nytt år og nye laurdagsbad.

Flott å sjå at det var lite fyrverkerirestar igjen i gatene forresten.

Vonar det er fellesoppskytinga som me kan takke for det. Eit flott skue..

Laurdag ja, og det nærmar seg fullmåne.

Det bar tydeleg å sjå på høgvatnet denne dagen

Godalen låg blank og fin og med sjeldant høgt vassyte.

og himmelen var eit skue denne dagen, med snødryss over Sandnes og blå himmel over oss, ei stund..

Det tok ikkje lange stunda før det var badarar i vatnet.

5,5 grader i dag ( 5,3 på 1.nyttårsdag).

13 badar i sjøen. ( Det dukkar alltid opp ein badar eller to..) Tog du an?

Tempen på land var 3,3. Me kunne glatt ha holdt oss uti.

Godt kledde og rede... til ein god drøs.

og oppi nisteboksen havnar det ymist av det gode slaget.. som ein kan nyte til dessert.

Så er det å pakka saman og ta i retning hus og heim.

For mange slutt på ei flott jule- og nyttårshelg.

Utan ord...

Me badast!

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post469

Romjulsbadoglittinfo

LørdagsbadPosted by Svein Egil Mon, December 29, 2014 17:16
Hallaien!

Sten sende bilder frå lørdagsbadet:


Eg og Else møtte opp på Miljøstasjonen, men i dag var det lite folk. Kvitta oss med juleplasten og tok en snarvei til Godalen. Det var for glatt i Pølsesvingen i dag. Framme i Godalen var det stille, blei me aleina i dag? Men litt etter litt kom det flere ruslende ned veien og stien langs sjøen. Så me blei 7 stykker i dag og. Det var 6,3 grader i sjeøn (fleire meinte det var feil) og fint ver. Blei ein litt lang svømmetur for å henta inn termometeret som hadde "rekt vekk". I dag måtte noen rusle tidlig heim, men den harde kjerne nøyt kaffien og preiken ved bordet. Et skikkelig godt 3. juledagsbad!












..og Marianne melder:

På Islands Brygge er vandet nu nede på 2 grader. Har badet to gange siden hjemkomsten, og begge med fire ture i vandet og saunagus ind imellem. I København er der frost og sne og på onsdag går det løs med det store nytårshop kl. 12. Billeder følger :-)



..og Styret melder:

Viktige datoer:

Lørdag 24.januar, kl. 1030 hos Astrid - Tastabad

Fredag 27.februar, kl. 1900 hos Jorunn og SE. Årsmøte i Idsegata 17.



Me badast!

smileySvein Egil


  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post466

Snartsolsnubad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Sat, December 20, 2014 22:23
Ho-ho....

Snart jul i heimen, og sjå.. der kjem det ein gjeng tuslande..


Veret kunne vore betre, med sulande haglbyger og verblink som gjer det
lyst og oppkvikkande eit ørlite bel før myrket tek tak og minner oss om at dette er
myrkaste tida.

Ja, i morgon kveld stoppar sola sin synkande seilas og vender på ny nasen mot vest på
ein stadig stigande kurve.

Solsnu kan feirast på gamalt vis.
Fysste raudnissen i dag var Kari! Klar for bad og sosialt samvær i badegjengen.


Og Kristin stiller i julebadekåpa si, berre sjå!!

8,4 grader i sjøen og fleire nytta høvet til å dobla badefrekvensen.


Sten rydda i strandsona!

Og ny badar møtte idag. Tine frå Danmark. Overtek stafettpinnen frå deg Marianne!


Og Sten fortset med ryddinga.
Litt å velga i..
Her har Arvid fått med seg tende adventslys, der me tok med alle lysa idag. Siste adventsbadet.

Utruleg at me vaknar til eit drivande haglever og likevel kan nyta frukosten med dette
stemningsfulle bakteppet. 11 førjulsbadarar gjer også sitt bidrag.

Denne oppskrifta deler Astrid med oss alle! Fantastisk gode sjokoladenøttekuler!
Prøv da vel, men pass på... Kun 10 min..


Og lyktes med å fange dette øyeblikket der båten gjekk inn i solrennet!

På veg heim! Klare til jul!


Ha ei fine jul alle sjøbadarar!

Takk for året som renn og gilde minner til fylgje!

Me badast!

Husk nyttårbadet 1.nyttårsdag!

Kl. 12 på Varden miljøstasjon eller kl. 12.30 i Godalen.

smileySvein Egil



  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post464

LuciaJulebordBad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Sat, December 13, 2014 18:18
Godagen!

Ruskever og blanda drops från ovan!

Likevel, me pakkar badety og godsaker!

Det er Julebord i Godalen idag!

Det gjelder berre å kle seg godt!



Badefolket stima til, og på kort tid var det 22 sjeler som gjorde seg klare til bad.

Me hadde med oss grill og diverse godsaker.

Og då grillen var tent og bordet spøta på med eit frå bua, med kvit duk og det heile..
var me klare til bad.


Luciasongen vart stemt i idet ein vandra til sjøs, men det var tendenser til stigning i oktavane då vatnet passerte lysken.

Her var det mange som tok seg vatn øve håve, men dei haldt håve kaldt, det skal dei ha.

Ungdomsfylkingen nett heimvendt frå sørligare breddegrader, men trufaste og standhaftige jenter. Julekortstemning så det held, men denne gongen utan ski..

Kari var ivrig fotograf, saman med Flemming, som hadde mange oppdrag under badinga!


Astrid nissemor, klar for julestria! Ho-ho-ho!smiley

Pølser og dadler i bacon havna fort på grillen og sørga for litt varmmate på bordet, saman med mykje anna godt, både fast og flytande!

Flott nåer ein kan dekka eit langbord på ein-to-tri og med så mykje godt!
Ikkje minst av den flytande sorten.

Erke-engelen talte og takka for godt samhold. Styret markerte 3 sjøbadara:
Marianne B. som no dreg attende til Danmark og København, og som har inspirert oss alle med sin interesse for den gode mat og det gode liv. Synnøve for at ho no er ferdig med sin jordmorspesialisutdanning innan ultralyd - kan nok komme godt med for nokre av oss...
og Kari, som har vandra rett inn i gjengen og planta seg solid inn i kjernen av heilårsbadarar.

og solå spanderte på oss eit fantastisk lys som berre dei få kan tinga.

Marianne takka for seg, for denne gong, men meldte klart ifrå at det fort kunne verta gjestebad i Godalen, og at ho venta besøk frå gjengen til Bad i København.

Kristin kom seint men godt frå Egersund og fekk tatt seg ein dukkert åleine, men med god sikring på land, frå fleire godt kledde badevakter.

Sjølv vart eg overraska av å få overrekt ein flott statuett som takk for arbeidet med bloggen, noko eg gjer med stor glede, og som kostar så lite.
Tusen takk til Merete som har lage denne skildringa av meg med badehjelm og badeburka i blesten..smiley


Etter kvart vart borda rydda vekk og søppel fjerna og brått var denne stunda i strandkanten berre gode minner!


Takk til alle for ei flott badestund i godt lag!

Nokre tok turen vidare til Ramsvik kolonihage og Liv Nese sitt julemarked, der både Hanne og andre kjente solgte fine julegåveemner.

Takk for ei god oppleving og..

Me badast!

smileySvein Egil

  • Comments(0)//gsbf.idsegata17.com/#post462

Fullmånegløggbad

LørdagsbadPosted by Svein Egil Sun, December 07, 2014 10:02
Fina veret!

I går iallefallsmiley

Utruleg kor fort det skifta..men det vett me jo.

Fascinerande.

I går - fullmåne og strålande sol frå (nesten) skyfri himmel!

Badedag sjølvsagt.

6.desember og berre 25 dagar igjen av året og..
18 dagar igjen til jul.

Nevner då at det er vintersolverv den 21.desember klokka 23.03.
Det går snart mot lysare tider.


Lørdag på miljøstasjonen vart eit gjensyn med Torhild og me la i veg på vinterbona
vegar. Glatt med andre ord.


Då me steig opp bakken frå Strømvik bad vart me møtt av eit kjekt syn.


Vår fastbuande sjøbadar hadde satt ut varm gløgg med tilbehør til dei turgåande.

Kjekk helsing ein tidleg morgon på tur langsmed sjøkanten!


Det smakte sulande godt!smiley

Godt oppmøte denne dagen og. Og nye bekjenskaper - Astrid med Ida og Ilona med ein kamerat.

17 badarar i sjøen og elles eit rikt fugleliv (svaneparet) i strandkanten, og ein gjeng med dykkar som henta inn fangst.

10,4 grader i sjøen og ca. 3 grader på land. Ein fantastisk morgenfrukost i naustveggen.


Svaneparet var som vanleg interessert i det meste, men sa klårt ifrå om det vårt for intimt.


Ivrig drøs og sosialisering på høgt plan..

Fleire med oss lurte på kva dykkargjengen dreiv på med. Dei henta inn tare.
Det synte seg at dei samla inn materiale for å finna fram til ein teknologi som kunne gjera dyrking av tare på land muleg. Då var det denne tida på året at taren produserte sporer til nye tareborn.

I tillegg fekk dykkaren ein liten krabbefangst..

5-6 fine krabbar til koking.



He ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil


  • Comments(1)//gsbf.idsegata17.com/#post460
« PreviousNext »